Mari Qviller har vært på dramatikersamling i Barcelona. Fra nå av skal hun bare skrive om dinosaurer og romskip.
Hei og hopp! Mari Qviller her!
No har hetebølga lagt seg, og eg kan endeleg tenke klart att.
I juli var eg så heldig å få vere på eit utruleg fint opphald hos Sala Beckett teater i Barcelona, så her kjem nokon kalde klare tankar om prosjektet l’Obrador d’estiu.
Sala Beckett er eit teater kor dramatikaren og det katalanske språket er stjerna, så då skulle det berre mangle å ta fram nynorsken.
Saman med ni andre dramatikarar frå rundt om Europa, fekk eg privilegiet av å vere i husvarmen til Sala Beckett ei heil veke.
Her hadde vi daglege workshops med ein merkelig britisk skrue ved namn Alistair McDowall. Han har skrive ein heil haug med stykker for Royal Court, og har lese alle stykka du kan kome på.
For Alistair (eller «Ali» som eg no kallar han) er det viktigaste grepet for å bli ein god dramatikar å lese kva andre skriv. Det opner hjernen til eit heilt univers av formar ein kan bite tenna i.
Ein ting som sit igjen hos meg frå timane i den varme black boxen med Ali er ein veldig enkel, men besnærande tanke:
Ei heilt naturtro stue på ei scene er like falsk som ein dinosaur.
Ikkje sant? Det er jo kanskje openbert. Men eg er ei som fort går i fella med å skrive utifrå det eg kjenner. Og i ei smått deprimerande verd er det kanskje godt for både meg og publikum å få noko som kjem ifrå fantasien. Når eg først har vald å skrive dramatikk, så kan eg like gjerne skrive noko som ikkje berre gjenfortel kor trist alt er.
Frå no av skal eg derfor berre skrive om dinosaurar og romskip.
Eg må skrive litt om dei andre dramatikarane også. Fyttikatta for ein fin gjeng! Eg har aldri gått på folkehøgskule, men eg ser føre meg at det kjenns litt sånn.
Det har vore trøytte samtaler over morgonkaffien og lange tiradar om verdsherredøme gjennom natta.
Også var det påfallande kor forskjellig det er å vere dramatikar i Tsjekkia og Noreg. Sølv om kulturen har kniven på strupen her heime, er det ikkje samanliknbart med resten av Europa.
Honorara og støtteordningane er lågare med fleir om beinet, og institusjonar som Dramatikkens hus er ikkje kvardagskost i dei fleste landa.
Men denne gjengen med dyktige unge skrivande lager altså nokon av dei vakraste tekstane eg har lese. Og det med eit pågangsmot og ei lidenskap som får meg til å følge meg som ein kald skandinavisk stein.
Samstundes som eg kjenner meg heldig som har mitt virke i Noreg, har kamplysta for å styrke kulturpolitikken berre blitt større.
Stilen på det mine nye kollegaer skriv er veldig annleis enn det eg oppfattar dei fleste i Noreg gjer. Karakterar er tel dømes heilt ut på kontinentet. Slik driv dei ikkje med lenger. No er det den postdramatiske dramatikken som gjeld.
Eg trur ikkje eg er kul nok til å gi heilt slipp på HO og HAN enno, men eg skal la det modne i meg til eg føler meg litt klokare.
Ali hadde gitt oss alle ei oppgåve før vi kom, kor vi skulle skrive eit lite teaterstykke som handla om «Art, Community and Isolation». Då eg først høyrde om temaet himla eg med auga. Eg er litt lei av å prate om kor samlande og djup og viktig kunsten vår er. I alle fall som aktivist, tykkjer eg kunstarane tenker for høgt om kva dei utrettar.
For min del blei det til ei fortelling om ein pretensiøs sjølvmordskult med rare hattar. Den fikk eg gleda av å sjå framført på katalansk av eit heidundranes ensemble. Eg var ikkje den einaste på Sala Beckett som lo, så eg er meir enn nøgd.
Dei andre var sjølvsagt mykje smartare og modigare enn meg, og skreiv mjuke, morosame tekstar om einsemd, kjærleik og mørke.
Det einaste eg kunne trøyste meg med var at dei alle ville kome på besøk til Noreg for i stjele kulturmidla våre. Så eg får i alle fall sett dei igjen.
Dette har vore ei heilt fantastisk veke. Eg er inspirert til å både tenke nytt om mine eigne tekstar, lese meir dramatikk, og kanskje begynne å skrive på engelsk (- og børste av skuletysken?)
Sala Beckett er eit teaterhus det er vel verdt å bli kjend med, og dei er meir enn gira på å oppdage nye namn frå fjern og nær. Eg gleder meg til kome tilbake. For det skal eg.
Takk til Leo, Mehis, Susi, Tonje, Gaëlle, Rosalinda, Maria, Andrea og Pablo. Det er folk du kjem til å høyre mykje ifrå.
Og takk til Unge Viken for nye kjenningar, nye impulsar og ei kløe i fingra som ikkje ser ut til å gje seg.
Alle foto: Nani Pujol