Ytring av teatersjef Kari Ramnefjell

Du er ei ledestjerne

Foto: Line Ørnes Søndergaard

Foto: Line Ørnes Søndergaard

I slutten av oktober opplevde samfunnsdebattant, redaktør og dramatikar Sumaya Jirde Ali at ein av Noregs mest kjende komikarar, kom med rasistiske ytringar mot ho på ein bar i Oslo. Hendinga blei meldt til politiet og Jirde Ali gjekk offentleg ut med episoden. Hetsen mot ho i etterkant at dette blei kjent, viser kvifor mange lar vere å melde frå om rasisme: Det fører til ekstra påkjenning og slår tilbake på den som seier ifrå.

Unge Viken Teater fordømmer alle former for rasisme og hatefulle ytringar. Som kulturinstitusjon kjenner vi eit særleg ansvar for å heve stemma når det rammar ein av «våre eigne». Jirde Ali debuterer i desse dagar som dramatikar med «Havet tar det det ikkje gir» på Den Nasjonale Scene, ei framsyning ho ifølgje Bergens Tidende gjekk glipp av grunna situasjonen ho no står i.

Sumaya Jirde Ali har allereie markert seg som ei tydeleg og uredd stemme i samfunnsdebatten og har opplevd å stå i ein storm før. Kvar gong møter ho det med imponerande kraft og mot. No må ho nok ein gong kjempe kampen mot rasismen. Dette er ikkje greitt!

Som eit teater som er dedikert til å skape scenekunst for barn og unge er vi opptatt av at det er rom for alle. Vi vil at dei skal oppleve at det er trygt i skulegarden, på ungdomsklubben, på den framtidige arbeidsplassen og at det er trygt den dagen dei kan gå på byen.

Som arbeidsgjevar er vi opptekne av at alle som jobbar for oss skal oppleve å komme til eit trygt, inkluderande og imøtekommande arbeidsmiljø. Vi skal vere ei tydeleg stemme dersom nokon i scenekunstfeltet opplever hets og trakassering. Dette er heilt klart eit slikt høve. Vi håpar at endring veks ut av merksemd, protest, og mobilisering.

Sumaya, vi heier på deg, du er ei ledestjerne og vi sender all vår støtte i stormen du no står i. Velkommen til oss i 2023!

Hva leter du etter?

Få med deg hva som skjer på Unge Viken Teater