Ytring av teatersjef Kari Ramnefjell

3 gode grunnar til å satse på Teater i barnehagen

Magi kan oppstå der ein minst ventar det. I barnehagen er det ekstra verdifullt.

“Teatret kommer, teatret kommer!!” Ei gruppe med smårollingar står ved barnehageporten og hopper entusiastisk opp og ned. Inn på plassen ruller den fargeglade teaterbilen til Unge Viken Teater. Endeleg er det teater!

Eg blir både stolt, audmjuk og røyrt når berre synet av teaterbilen vekker så stor entusiasme og glede blant dei små. Det er ein av fleire stadfestingar på at Teater i barnehagen har stor verdi. For borna.

Det er sjølvsagt naturleg at vi som jobbar med dette meiner det, det skulle jo berre mangle. Eg skriv dette for å forsøke å forklare kvifor vi meiner det er så viktig.

Også barn under skulealder har rett til profesjonell kunst og kultur. Ikkje berre fordi vi meiner det er viktig med tidleg introduksjon til kunst og kultur og har ein viktig samfunnsbyggande funksjon. Det er også nedfelt i både FNs barnekonvensjon, Kulturlova og andre viktige lovverk. Punktum.

Men, la oss starte med kva forskinga seier.

Fra forestillingen "Fabelflakseren". Foto: Lars Opstad

#1: Kroppen lærer hjerna å tenke

Det er faktisk viktig for borna si utvikling, reint fysiologisk. Nevrologisk hjerneforsking viser at born i alderen 0-6 år utviklar seg gjennom ulike sanseinntrykk og at dei er mottakelege og responderer spesielt godt på stemme, bevegelse, mimikk og taktil stimuli. Element som teater som kunstform er bygd opp kring. Kroppen lærer rett og slett hjerna til å tenke og utvikle seg! Dette gjeld alle born, men vi ser kanskje ekstra stor effekt hos dei borna som har spesielle behov. Vi har fleire historier frå pedagogar som melder om at born som har begrensa med uttrykk deltek med heile seg, både gjennom kropp, smil og lydar i møte med framsyningane til Unge Viken Teater. Monge rapporterer at det er første gongen dei ser denne responsen hos desse borna. Vi tør difor påstå at vi er med på å skape grensesprengande opplevingar for dei små. Teater har i tillegg monge likskapar med borna sin eigen leik, og er ein viktig gjenkjennelsesfaktor. Gjennom teater som form får borna tilgong til ulike uttrykk som er med å gjere verda deira bittelitt større.

«Barna satt som oppslukte – det så nesten ut som om noen av dem glemte å puste…»

tilbakemelding etter besøk frå “Verden sa ja”

#2: Teater skaper samhald

Minst like så viktig som det forskinga seier er at Teater i barnehagen skaper fellesskap og inkludering.

Vi lever i ei dyrtid kor det er stadig fleire born som ikkje kan delta på aktivitetar på fritida. Dessverre.  Små barn er avhengig av at det er nokon som tek dei med på kino og teater, og for veldig monge er dette eit “gode” som må veljast bort. Dette skaper utanforskap og aukar skilnaden i samfunnet. Gjennom Teater i barnehagen får borna oppleve det same uavhengig av sosioøkonomisk status og geografisk nærleik til teatret. Ved at borna får oppleve det same skapast ei kjensle av  fellesskap, identitet, samhald og inkludering. Alle får same moglegheit til undring, refleksjon og utvikling som menneske. Saman.

«Barna har danset, svevd og tegnet.»

-tilbakemelding etter eit besøk frå “Fabelflakseren”

Fra forestillingen "Verden sa ja". Foto: Kjetil Iversen

#3: Borna møter verda i trygge omgivnadar

Det er ulike meiningar om barnehagen egner som arena. Det er ofte små rom, full av både ting og tang, og langt unna det ein kan kalle eit “vanleg” scenerom. Men, det er nettopp i desse romma magi kan oppstå. Dei minste si verd er så liten og verda utanfor barnehageporten kan vere så stor for ein liten kropp. Gjennom å besøke borna der dei er, får dei eit første møte med teatret i trygge og kjende omgivnadar, saman med trygge vaksne.

Så, det var 3 gode grunnar til kvifor dette er viktig. Det er så uendeleg mange fleire! Men kanskje det eg personleg sit mest att med er å oppleve dette saman med borna, å sjå effekten det har på dei. Små opne andlet, store auger som knapt tør å blenkje for å ikkje gå glipp av noko,  gyngande i takt med musikken, eit lite blikk på sidemannen, ein liten kropp som kryp opp i eit trygt vaksenfang når Verden sa ja startar, ein tommeltott i munnen når Luna møter månefisken, små hender som vinkar begeistra til Liv i Mor, ei lita barnegruppe i parkdressar som bukkar høgtideleg til fabelvesenet i Bare Rør, eller som hopper opp og ned ved porten og roper “Teatret kommer! Teatret kommer!”….. Det er meir enn nok for meg.

«Når applausen hadde stilnet, kunne vi høre fra en 5 åring på bakerste rad: Fabelflakseren, jeg elsker deg!»

-tilbakemelding frå Laila Egeberg, Kunstnarisk leiar, Miniøya

Dette er Teater i barnehagen:

Teater i barnehagen er Unge Viken Teaters satsing på profesjonell produksjon og formidling av teater for barn under skolealder. Vi utvikler forestillingene i tett dialog med barn og pedagoger, og spiller dem i barnehagene rundt om i Viken. Kommuner i Viken kan abonnere på ordningen og få opptil to profesjonelle scenekunstforestillinger i deres barnehager hvert år.

Nøkkeltall 2017-2024:

  • 21 forestillinger spesielt utviklet for målgruppen
  • Spilt for mer enn 58 000 barnehagebarn
  • 1 300 barnehagebesøk
  • 14 kommuner representert

De siste årene har stadig flere kommuner blitt en del av Teater i barnehagen. En rekke aktører ser nå til Unge Viken Teater som et eksempel på at barnehager er en godt egnet visningsarena for profesjonell scenekunst.

Les mer om ordningen her

Hva leter du etter?

Få med deg hva som skjer på Unge Viken Teater