Ytring av teatersjef Kari Ramnefjell

Teater som viskar ut skilnader

No er det på tide at politikarane stiller opp med meir enn berre fagre ord!

I ein kommentar på NRK 22. mars, skriv kulturkommentator Inger Merete Hobbelstad om korleis stadig fleire må velje bort kultur grunna stram økonomi. 

Dette er spesielt utslagsgivande for born og unge. Mange born har aldri vore på kino eller teater. Dette skaper forskjellar, som igjen kan føre til utanforskap.

Unge Viken Teater sitt arbeid med Teater i barnehagen er difor viktigare enn nokon sinne. Gjennom lokale avtaler med kommunar i regionen når vi alle barnehagebarn uavhengig av sosioøkonomisk status, geografisk nærleik til teateret eller den enkelte barnehages ressursar, interesse eller prioritering. Ved at alle får erfare det same aukar kjensla av fellesskap, inkludering og felles referansar.

Dette er også ein rett borna har. I FNs konvensjon om barns rettigheiter, artikkel 31, står det:

Partene anerkjenner barnets rett til hvile og fritid og til å delta i lek og fritidsaktiviteter som passer for barnets alder og til fritt å delta i kulturliv og kunstnerisk virksomhet.

Partene skal respektere og fremme barnets rett til fullt ut å delta i det kulturelle og kunstneriske liv og skal oppmuntre tilgangen til egnede og like muligheter for kulturelle, kunstneriske, rekreasjons og fritidsaktivitet.

Heile 93,4% av alle born under skulealder gjekk i barnehage i 2022. Sidan 2018  har Unge Viken Teater nådd over 44.000 barnehagebarn med sine framsyningar, spesielt utvikla for aldersgruppa 3-6 år.

Møte med den levande kunsten er noko heilt anna enn gjennom til dømes digitale flater. Teater er eit fysisk møte, her og no, som involverer alle sansane. Teater er fellesskap, og stimulerer både fantasi, empati og gjer verda bitte litt større. Gjennom Teater i barnehagen får borna erfare det same, og alle får same høve til undring, refleksjon og utvikling som menneske.

I stortingsmelding 18 Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, av og med barn og unge (barne- og ungdomskulturmeldingen) blir det gitt uttrykk for eit politisk ønskje om å gi eit kunst- og kulturtilbod også til dei som er under skulealder. Dette politiske ønskje er dessverre ikkje følgt opp med økonomiske prioriteringar. No er det på tide at politikarane stiller opp med meir enn berre fagre ord! Med aukande tal på familiar som slit med å få endane til å møtast, kan eit tilbod som sikrar borna like moglegheiter, vere med å utjamne forskjellar og hindre utanforskap.

 

Bilde er frå framsyninga Bare rør. Foto: Julie Hrnčířová

 

Hva leter du etter?

Få med deg hva som skjer på Unge Viken Teater